Stikkord: ny smykkeserie

TANKAR BAK SMYKKESERIEN FUNDAMENT

Fundament Kube ring

FUNDAMENT

Min heim er ein gamalt bygning, konstruert som dei fleste gamle trehus i mitt distrikk i lafteteknikk. I gamledagar vart ikkje teknikken i seg verdsett som estetisk vakker, og vart gjøymt under lag av panel og tapet dersom du hadde råd til det. Men no verdset me estetikken i konstruksjonen og foretrekker å la dei lafta husa og hyttene stå utan dekor eller dekke av noko slag.

Når eg lagar smykker er det mange stadier, som på kvart sitt vis er så fine, men som aldri vert vist til brukaren. Når ein jobber som smykkedesigner er det veldig ofte slik at du fokuserer på ein eller annan dekor eller form som du ønsker å framheve. Konstruksjonen av smykke er kun der for å syne dette best mogleg, og vanlegvis ikkje gjeven nokon oppmerksomhet, sjølv om den er viktig for heilheten i designet.

Så på same måte som me stripper bygninger for panel og tapet og finn den vakre rå estetikken i bygningskonstruksjonen. Ville eg med denne serien syne den rå og funksjonelle estetiske verdien i eit smykkes konstruksjon.

Fundament blei slik ein minimalistisk unisex serie, basert på dei enkle formene i tidlege stadier av eit smykke. Fokuset på materialets skjønnhet og egenskaper strippa for dekor og dominerande form gjer smykka enkle å bruke som kvardagssmykker. Formene er gjeven av smiteknikken, det vil sei at dei er modellert ved hjelp av hamar, og dei er difor like ein del enkle smidde gamle bruksgjenstander, som til dømes nagler. Nagler er håndsmidde spiker, som var vanleg å bruke før dei maskinproduserte spikrene og skruene me kjenner i dag. Dei som har dreve med hest kjenner nokk att formen i hestesaumen. “spikrene” som ein fester hesteskoen til hoven med. Dei er laga på akkurat same måten, men i jern.

Kolleksjonen er tilgjengelig i lyst sølv og oksydert sølv. Gull på bestilling.

MASKERADE FOR BÅDE KVINNER OG MENN!

MASKERADE

Denne smykkekolleksjonen har for meg mange lag, men har sit utspring i ein fascinasjon for historie, og for folk. 

Heilt sidan eg var liten har eg lika å drøyme meg bort i gamle portretter, og lage meg fantasier rundt personene på bilde, utifra ansiktsuttrykkene. Den gamle tradisjonen med å plassere ansikter på hus, instrument, sleder, draktsølv ol. har også lenge fascinert meg.

Min tante har ei gamal beltespenne, som er over 200 år gammel. Den høyrer til det som har vore kalla glibbesølv. Glibb betyr omlag det same som maske, og felles for denne typen sølv er at dei har menneskeliknende ansikter, som hoveddekor. Det er mange teorier rundt kva utspring og betydning denne tradisjonen har hatt, men det som er slåande er kor uttrykksfullt, universelt og tidlaust inntrykk ansiktet gjev.

Dette er grunnen til at eg ønska å lage samtidssmykker med utgangspunkt i same teknikk og materiale, men sette det inn i ein heilt annan setting, strippa for det tradisjonelle tilbehøret.

Med tanke på det faktum at me menneske lett oppfattar noko som eit menneskeansikt, ville eg lage maskene litt diffuse, for å skape rom for å la fantasien vandre, og lage sine eigne tolkninger, dette er også grunne til at eg ikkje ville ha rammer rundt ansiktene.

Maskene på den gamle spenna eg tok utgangspunkt i er siselerte, og eg ville gjerne videreføre dette med den plastiske følelsen denne teknikken gir. Ein kan nesten få inntrykk av at det er som eit stykke tøy som bare ligg over eit ansikt. For å forsterke det stofflige uttrykket ville eg også bruke sandblåst transparang emalje.

Planen var å siselere desse nye ansiktene også. Eg har siselert mykje, og tenkte dette skulle bli ein smal sak. Men fekk ikkje heilt fram det uttrykket eg var ute etter, og gjekk etterkvart difor over til å jobbe i voks. Eg bruka då i dental plate voks, slik at ein får det same inntrykket som av ein siselert utførsel, når modellen vert støypt.

Etterkvart som delene byrja å ta form gjekk det opp for meg at dette ville bli ein smykkeserie, som kunne funke like bra som herresmykke, og tenker meg smykkene som ein type unisex smykker. 

Om oss

Linn Sigrid Bratland kombinere gamle håndverksteknikker med en helt særegen bruk av emalje.

På verkstedet er det i dag to stykk som jobbar sammen med alt fra produksjonen til administrering. Det er Linn Sigrid Bratland som er grunnleggar, designer og sølvsmed med god hjelp fra Stian som er en dyktig håndverker full av praktiske løsninger.

Sammen utgjør de det som er Linn Sigrid Bratland sitt verksted i dag.

Følg oss på Instagram

 

Lsb Smykke AS
Org nr 924 528 028
© 2016 Linn Sigrid Bratland.
All Rights Reserved.
Nettbutikkleverandør: Shopping Norge
Shopping cart
Du har ikke bestilt noe ennå!
Continue shopping
0