Tusenogèn, – ein eventyrleg smykkeserie
Denne smykkeserien er kalla opp etter eventyret som har gitt navn til det som kanskje er verdens mest kjende eventyrsamling. Etter mange år i det minimalistiske, stilreine og enkle hjørnet, blotta for ornamentikk kjende eg at det var på tide å koma attende til denne estetikken. Det var trass alt her smykkeeventyret starta for meg. Med bunadssylv og utdanning innan folkloristikk, folkekunst og tradisjonskunst. Tusenogèn natt er eit eventyr frå austen og ein skulle kanskje tenke at ein smykkeserie som denne burde heite Soriamoria eller noko anna erkenorsknasjonalromantisk men det er nettopp det internasjonale ved denne estetikken eg ønsker å understreke med denne titelen, Det nasjonalromantiske stempelet er tredd på denne uttryksformen utifrå politiske hensikter og har i utgangspunktet ingenting med saken å gjere. Det er difor ironisk at nettopp slikt i så mange land har fått i oppdrag å fungere som nasjonale symbol akkurat som imaterielle uttrykk som folkemusikk, folkedans og folkedikting.
Spiraler, symbol, stiliserte dyre og planteformer gjev seg uttrykk i ornamentikk som er påfallande lik over heile kloden, og det kan vere freistande å kalle det eit universelt formspråk. Slik sett burde det ha potensiale til å inkludere snarare enn å bygge opp under behovet for å kategorisere folk.