ANALOG HANDVERKAR, DIGITAL SMYKKEBUTIKK

Sidan 1998 har eg jobba med smykke. Med små musesteg har eg bygd meg opp ein verkstad og eit levebrød av det eg elskar å arbeide med: Gamle handverksteknikkar, historie, tradisjon, sylv, emalje og tema henta frå staden eg er så knytt til – Vinje.

No hadde eg veldig lyst til å dele det med enno fleire! Difor lanserar eg i desse dagar ny nettbutikk, også med eit lite innblikk i prosessen bak smykka.

Eg har hatt nokre nettsider før, og visste godt at dette ikkje er noko ein gjer over natta – men eg visste også at om eg skulle gjera det ei gong til, då skulle det gjerast skikkeleg.

Difor fekk eg med meg eit profesjonelt merkevarebyrå. Siri Marte Apneseth og Carina Åkredalen i Norbrand har hatt regien på det heile, og utgjer ein duo som utfyller kvarandre perfekt.

Frå analog til digital

Carina er den supersmarte, verdsvante og litt nerdete, som kan fikse absolutt alt. Frå engelske tekstar og grafiske oppsett, til programmering og anna slikt som ein analog type som meg ikkje skjønar noko av.

Siri Marte er den sosiale, utadvendte menneskekjennaren, som kan få ein dyslektisk handverkar med skrivesperre til å forfatte lange avhandlingar om alt det som eigentleg ligg ein på hjartet.

Uttrykksfulle bilete

Men tekst er berre ein liten del av det heile. For når ein skal presentere smykke på nett, er gode bilete kanskje det aller viktigaste. Og til dette hadde eg veldig lyst til å bruke Aliona Pazdniakova. Aliona er ein fotograf som no er busett i Oslo, men som eg blei kjent med då ho studerte på Rauland, der eg også har utdanninga mi frå. Ho har publikasjonar bak seg i alt frå Vogue til Fashion fesjå, og har eit eksepsjonelt blikk for detaljar og konsept. På særeige, kunstnarleg vis finn ho motiv som gjev uttrykksfulle bilete, og som er enkle og reine i forma. Dette er kvalitetar eg verdset høgt, som eg også strekker meg etter i min eigen smykkeproduksjon.

Stemningsskaparen

Til å fange litt av stemninga og realiteten på verkstaden, ville eg bruke Morten Bjerk – ein heilt annan type fotograf, som eg syns er suveren når det kjem til å få fram litt av det komplekse og særeigne ved ein kvar person eller situasjon.

Dramatikken

Når det kjem til naturen her i Vinje, som spelar ei slik stor rolle i kvardagen for meg, er det etter mi meining ingen som formidlar det litt rå og dramatiske like godt som Ingolf Endresen. Så alle naturbileta du finn på desse sidene, er det han som har tatt.

Etter å ha koka alt dette i hop, er sida mi endeleg klar for lansering… Mitt eige virtuelle univers.

FRÅ VINJE TIL VERDA

Eg tek med en bit av Vinje ut i verda. Smykka mine skal til Italia!

I desse dagar er eg så heldig å få representere Norsk smykkedesign i eit stort internasjonalt prosjekt med base i Milano, med deltakarar frå heile verda.

Utstillinga Artistar Jewels Exhibition finn stad på HOMI fair Milano.

Artistar Jewels er eit prosjekt som omfattar designarar frå heile verda. Målet er å setje ljos på det kunstnariske mangfaldet innan internasjonal smykkedesign. Som deltakar i Artistar Jewels får designarane merksemd på nett, gjennom utstillinga, og ved presentasjon i ei bok som skal publiserast internasjonalt.

Bli med å stem!

Dei lyser også ut ein designkonkurranse, der DU kan vera med å avgjera kven av alle desse smykkedesignarane som blir nummer ein.

Her er linkane for å stemme på mine smykke:

Fugl-armbånd (http://www.artistarjewels.com/product_info.php?products_id=515)

Nettverk-ring (http://www.artistarjewels.com/product_info.php?products_id=513)

Du kan fylgje meg på Instagram og Facebook gjennom heile opphaldet.

MIN HEIMSTAD

Staden eg kjem frå er eit lite, avsidesliggande stykke Noreg.

Det er ikkje meir enn nokre generasjonar sidan Vinje faktisk var eit blankt merke på kartet – mykje på grunn av sin ugjestmilde natur. Det var vår villmark, på eit vis.

Urnorske folkesjela

Bilde_Heimstad
Oldemor Åshild Gunvaljord heilt til venstre. Bildet er tatt ei gong på slutten av 1800 – talet.

På 1800-talet byrja turistar, folkeminnesamlarar og kunstnarar å strøyme til dette uoppdaga området. Her fann dei tradisjonar og levesett som virka arkaiske for utanforståande, og området fekk ei rolle som staden der den urnorske folkesjela manifesterte seg.

Viktig fødestad

Heilt fram til vår tid har Vinje i Telemark vore fødestad for tallause kunstnarar innan biletkunst, poesi, musikk og handverk. Det er i dette landskapet, og med denne historia som bakteppe, eg finn inspirasjon til arbeidet mitt.

Foto av Ingolf Endresen

Naturbilder
Fjellet Storenup, frå området Dyrskar. Fjellpasset som delar aust frå vest i Sør-Norge.

Naturbilder2

Om oss

Linn Sigrid Bratland kombinere gamle håndverksteknikker med en helt særegen bruk av emalje.

På verkstedet er det i dag to stykk som jobbar sammen med alt fra produksjonen til administrering. Det er Linn Sigrid Bratland som er grunnleggar, designer og sølvsmed med god hjelp fra Stian som er en dyktig håndverker full av praktiske løsninger.

Sammen utgjør de det som er Linn Sigrid Bratland sitt verksted i dag.

Følg oss på Instagram

 

Lsb Smykke AS
Org nr 924 528 028
© 2016 Linn Sigrid Bratland.
All Rights Reserved.
Nettbutikkleverandør: Shopping Norge
Shopping cart
Du har ikke bestilt noe ennå!
Continue shopping
0