Samarbeid med kontinental schwung

Marianne Jemtegård, Eder Zinho Alves og meg! Litt om når den kontinentale moteverda kom til min vesle verkstad

 

Noko av det eg likar aller mest med jobben min er å treffe så mange fine folk! Under Oslo Design Fair i 2017 fekk eg besøk av to spennande typar på standen min, som det viste seg at det skulle bli eit fruktbart samarbeid ut av. Med sine tusenar på tusenar av følgere i sosiale medium og tallause tv-framsyningar veit kanskje fleire av dykk allereie kven desse to er, men det gjorde altså ikkje eg. Eg er jo ein smykkenerd og må innrømme at eg veit ikkje så mykje om det som går føre seg utanfor smykkebransjen. Så for dykk som er like nerdete som meg, her er ein liten innføring:  Marianne Jemtegård er motejournalist og DJ, som m.a. har faste spalter på God Morgen Norge på tv2 og elles bloggar og reiser rundt som DJ og modell i heile verden. Eder Zinho Alves er hennar franske kjæraste som har jobba som designar i New York og Paris mellom anna knytt til ingen ringare enn Valentino Garmani. Trass i at me slik sett kjem frå to ulike verder fant me tonen og dei foreslo eit samarbeid.

 

Eg elskar kontraster, enten det gjeld farger former eller folk. Og kva er vel ikkje meir kontrastfylt enn Zinhos erfaring frå moteindustrien i Paris og min bakgrunn frå tradisjonskunst i Vinje? Så slik blei det at denne hausten fekk eg lage smykke som eg aldri hadde kome opp med sjølv, med ein stilsikker og ekstravagant look. Her er det verkeleg internasjonal schwung på sakene! Og veldig gøy og lærerikt å sjå korleis dei jobbar med produktutvikling! I hovudsak var det slik at Zinho teikna ein smykkekoleksjon inspirert av sin kjære Marianne og eg sat meg ned og laga den. Saman blei me einige om dei beste materialvalet og tekniske løysingane og endeleg er kolleksjonen klar for deg.

Så eit litt kontinentalt blikk på den sterke, moderne og sofistikerte nordiske dama, som Zinho så fint kallar det. Kven vil vel ikkje like å sjå seg sjølv i den beskrivinga!?

 

Eller som det så fint har vore skildra på engelsk:

 

The Collaboration

A creative meeting of minds between Norwegian goldsmith Linn Sigrid Bratland and French fashion designer Eder Zinho Alves. A shared vision of a collection for the modern, sophisticated woman with a raw warrior heart. Inspired by the muse Marianne Jemtegård. This is Marianne J – the collection.

 

Marianne J Collection

Sharp edges and cool contrasts, created with the finest sterling silver, gold and enamel. Handmade piece by piece using old artisanal traditions in the atelier of Linn Sigrid Bratland, ensuring only the finest quality. A collection embodying strength and sophistication, as unique and outstanding as the woman wearing it.

 

FJELLSMYKKE – NYTT SMYKKEMERKE FRÅ VÅR VESLE VERKSTAD

FJELLSMYKKE – MINIMALISTISKE KVARDAGSSMYKKER

12. mai lanserte me eit heilt nytt smykkemerke, som er eit resultat av eit samarbeid mellom meg Linn Sigrd Bratland og mine flinke assistenter på verkstaden her på Haukeli;  Ruzena Ovkiarikova og Stian Røkenes Christensen. me har i dette nye konseptet fokusert på smykker for kvardagen.

KVIFOR FJELLSMYKKER

Me bur midt i eit eldorado for friluftsliv og naturopplevelser, og bruker det for det det er vert. Eg er som veldig mange andre slik at eg henger på meg noko uansett. I dei fleste Norskproduserte smykker inklusiv mine eigne er det ikkje lagt mykje vekt på fuksjonalitet, brukervenlighet og pris. Me savner god design for kvardagen, som også er produsert i Norge. Smykker som fungerer på jobb, når ein henter i barnehagen, når ein sprin til bussen, eller svinger innom eit treningsstudio i lunsjen. Ja til og med om ein skal på fjelltur. 

Det seiste året har eg vore så heldig å ha to svært dyktige medhjelparar på verkstaden. Ruzena Ovkiarikova. Heilt nyutdanna frå kunsthøgskulen i Bratislava, og Stian Røkenes Christensen. Også heilt nyutdanna, men han frå same studiestad som meg sjølv Høgskulen i Sørøst avdeling Rauland.

Dei er til uvurderlig hjelp i framstillinga av mine eigne smykker, som i det seiste har hatt ein aukande etterspørsel, men eg følte det var litt missbruk av resurser å bruke dei kun til dette.  Dei har så mange talenter, og såleis kom ideen om å etablere eit eige merkenavn, der me alle tre kan vere like delaktige i heile prosessen. Frå ide til konseptbygging, design og markedsføring. Sidan me jobbar i denne vesle fjellbygda, og er alle knytt til fjellet på mange vis, følte me at navnet Fjellsmykker var eit bra navn og samlast under.

LSB LEVER VIDERE

Eg elskar dei litt ekstravagante ideane og har alltid jobba etter den filosofien at smykker skal vere som eit kunstverk. Det er noko me tek på oss for å uttrykke oss på eit vis, og funksjonalitet er underordna. Mitt eige smykkemerke LSB kjem framleis til å stå for særeigen og unik design, som skiller seg frå det meste andre på markedet. No blir det lettare å reindyrke dette, og så heller jobbe med det minimalistiske og brukervenlige innan Fjellsmykker.

NORWEGIAN MADE

I og med at me fokuserer på det minimalistiske og brukervenlige, har me også tenkt at desse smykkene skal vere eit rimeligere alternativ. Sjølv om mange velger å produsere slikt i lavkostland, vil me vere tro mot konseptet og resursene me allereie har. Me har ein vel fungerande verkstad, og me har kompentanse til å tilpasse designet slik at me kan effektivisere ein del utan å måtte flagge ut produksjonen. Litt nytt utstyr har me investert i, men det viktigaste er å tenke smart i utforminga slik at me kan ha mogleghet til å garantere at alle smykkene våre er Norskprodusert, men likevel til ein pris som er overkommeleg for dei fleste. Eg veit at det er mange som ikkje våger å bruke dei dyreste smykkene sine i kvardagen dersom dei har ein aktiv livsstil, fordi dei kanskje er redde for å miste dei. Me ønsker å gjere det mogleg å velge kortreiste smykker også til desse dagane, som det tross alt er flest av.

God fornøyelse !

TANKAR BAK SMYKKESERIEN FUNDAMENT

Fundament Kube ring

FUNDAMENT

Min heim er ein gamalt bygning, konstruert som dei fleste gamle trehus i mitt distrikk i lafteteknikk. I gamledagar vart ikkje teknikken i seg verdsett som estetisk vakker, og vart gjøymt under lag av panel og tapet dersom du hadde råd til det. Men no verdset me estetikken i konstruksjonen og foretrekker å la dei lafta husa og hyttene stå utan dekor eller dekke av noko slag.

Når eg lagar smykker er det mange stadier, som på kvart sitt vis er så fine, men som aldri vert vist til brukaren. Når ein jobber som smykkedesigner er det veldig ofte slik at du fokuserer på ein eller annan dekor eller form som du ønsker å framheve. Konstruksjonen av smykke er kun der for å syne dette best mogleg, og vanlegvis ikkje gjeven nokon oppmerksomhet, sjølv om den er viktig for heilheten i designet.

Så på same måte som me stripper bygninger for panel og tapet og finn den vakre rå estetikken i bygningskonstruksjonen. Ville eg med denne serien syne den rå og funksjonelle estetiske verdien i eit smykkes konstruksjon.

Fundament blei slik ein minimalistisk unisex serie, basert på dei enkle formene i tidlege stadier av eit smykke. Fokuset på materialets skjønnhet og egenskaper strippa for dekor og dominerande form gjer smykka enkle å bruke som kvardagssmykker. Formene er gjeven av smiteknikken, det vil sei at dei er modellert ved hjelp av hamar, og dei er difor like ein del enkle smidde gamle bruksgjenstander, som til dømes nagler. Nagler er håndsmidde spiker, som var vanleg å bruke før dei maskinproduserte spikrene og skruene me kjenner i dag. Dei som har dreve med hest kjenner nokk att formen i hestesaumen. “spikrene” som ein fester hesteskoen til hoven med. Dei er laga på akkurat same måten, men i jern.

Kolleksjonen er tilgjengelig i lyst sølv og oksydert sølv. Gull på bestilling.

MASKERADE FOR BÅDE KVINNER OG MENN!

MASKERADE

Denne smykkekolleksjonen har for meg mange lag, men har sit utspring i ein fascinasjon for historie, og for folk. 

Heilt sidan eg var liten har eg lika å drøyme meg bort i gamle portretter, og lage meg fantasier rundt personene på bilde, utifra ansiktsuttrykkene. Den gamle tradisjonen med å plassere ansikter på hus, instrument, sleder, draktsølv ol. har også lenge fascinert meg.

Min tante har ei gamal beltespenne, som er over 200 år gammel. Den høyrer til det som har vore kalla glibbesølv. Glibb betyr omlag det same som maske, og felles for denne typen sølv er at dei har menneskeliknende ansikter, som hoveddekor. Det er mange teorier rundt kva utspring og betydning denne tradisjonen har hatt, men det som er slåande er kor uttrykksfullt, universelt og tidlaust inntrykk ansiktet gjev.

Dette er grunnen til at eg ønska å lage samtidssmykker med utgangspunkt i same teknikk og materiale, men sette det inn i ein heilt annan setting, strippa for det tradisjonelle tilbehøret.

Med tanke på det faktum at me menneske lett oppfattar noko som eit menneskeansikt, ville eg lage maskene litt diffuse, for å skape rom for å la fantasien vandre, og lage sine eigne tolkninger, dette er også grunne til at eg ikkje ville ha rammer rundt ansiktene.

Maskene på den gamle spenna eg tok utgangspunkt i er siselerte, og eg ville gjerne videreføre dette med den plastiske følelsen denne teknikken gir. Ein kan nesten få inntrykk av at det er som eit stykke tøy som bare ligg over eit ansikt. For å forsterke det stofflige uttrykket ville eg også bruke sandblåst transparang emalje.

Planen var å siselere desse nye ansiktene også. Eg har siselert mykje, og tenkte dette skulle bli ein smal sak. Men fekk ikkje heilt fram det uttrykket eg var ute etter, og gjekk etterkvart difor over til å jobbe i voks. Eg bruka då i dental plate voks, slik at ein får det same inntrykket som av ein siselert utførsel, når modellen vert støypt.

Etterkvart som delene byrja å ta form gjekk det opp for meg at dette ville bli ein smykkeserie, som kunne funke like bra som herresmykke, og tenker meg smykkene som ein type unisex smykker. 

MILANO, OSLO OG MEDIEBLEST

Ein litt uvanleg månad for smykkesmeden…

Når ein jobbar slik som eg gjer, langt frå sivilisasjonen, og stort sett alltid åleine,
er det ikkje kvardagskost med så mykje merksemd som eg har fått denne månaden.

Det byrja med ein viss Milanotur den fyrste helga i februar.
I Artistar Jewels, ei utstilling som samlar smykkedesignarar frå heile verda,
fekk eg vera med å representere norsk smykkedesign saman med Opro.

Så ringer Varden og TA.
Nationen kjem på besøk, og jammen troppar ikkje NRK også opp,
for å laga TV-reportasje til både distriktssendingane og Norge Rundt.

Det heile toppar seg då eg får vera med på ei eksklusiv smykkevisning
i godt selskap med sju andre norske designarar på The Thief i Oslo,
med stort fokus på menneska bak smykka.

Dette kan du trygt seie er meir enn ein introvert vinbyggje er vane med,
men eg må innrømme at det har vore veldig stas likevel.
Så kan eg heller mure meg inn på verkstaden i vekevis framover,
vera så asosial som eg berre vil –
full av inspirasjon til det eg nok er mest komfortabel med:
å laga smykke.

Frå Artistar Jewels i Milano…
linns_artistar

…til Oslo Treasure på Tjuvholmen

                                linns_oslo treasure2

… og slik såg det ut då Nationen kom på besøk i verkstaden min. Les om det her!

linns_nationen linns_nationen_jobbar

 

ANALOG HANDVERKAR, DIGITAL SMYKKEBUTIKK

Sidan 1998 har eg jobba med smykke. Med små musesteg har eg bygd meg opp ein verkstad og eit levebrød av det eg elskar å arbeide med: Gamle handverksteknikkar, historie, tradisjon, sylv, emalje og tema henta frå staden eg er så knytt til – Vinje.

No hadde eg veldig lyst til å dele det med enno fleire! Difor lanserar eg i desse dagar ny nettbutikk, også med eit lite innblikk i prosessen bak smykka.

Eg har hatt nokre nettsider før, og visste godt at dette ikkje er noko ein gjer over natta – men eg visste også at om eg skulle gjera det ei gong til, då skulle det gjerast skikkeleg.

Difor fekk eg med meg eit profesjonelt merkevarebyrå. Siri Marte Apneseth og Carina Åkredalen i Norbrand har hatt regien på det heile, og utgjer ein duo som utfyller kvarandre perfekt.

Frå analog til digital

Carina er den supersmarte, verdsvante og litt nerdete, som kan fikse absolutt alt. Frå engelske tekstar og grafiske oppsett, til programmering og anna slikt som ein analog type som meg ikkje skjønar noko av.

Siri Marte er den sosiale, utadvendte menneskekjennaren, som kan få ein dyslektisk handverkar med skrivesperre til å forfatte lange avhandlingar om alt det som eigentleg ligg ein på hjartet.

Uttrykksfulle bilete

Men tekst er berre ein liten del av det heile. For når ein skal presentere smykke på nett, er gode bilete kanskje det aller viktigaste. Og til dette hadde eg veldig lyst til å bruke Aliona Pazdniakova. Aliona er ein fotograf som no er busett i Oslo, men som eg blei kjent med då ho studerte på Rauland, der eg også har utdanninga mi frå. Ho har publikasjonar bak seg i alt frå Vogue til Fashion fesjå, og har eit eksepsjonelt blikk for detaljar og konsept. På særeige, kunstnarleg vis finn ho motiv som gjev uttrykksfulle bilete, og som er enkle og reine i forma. Dette er kvalitetar eg verdset høgt, som eg også strekker meg etter i min eigen smykkeproduksjon.

Stemningsskaparen

Til å fange litt av stemninga og realiteten på verkstaden, ville eg bruke Morten Bjerk – ein heilt annan type fotograf, som eg syns er suveren når det kjem til å få fram litt av det komplekse og særeigne ved ein kvar person eller situasjon.

Dramatikken

Når det kjem til naturen her i Vinje, som spelar ei slik stor rolle i kvardagen for meg, er det etter mi meining ingen som formidlar det litt rå og dramatiske like godt som Ingolf Endresen. Så alle naturbileta du finn på desse sidene, er det han som har tatt.

Etter å ha koka alt dette i hop, er sida mi endeleg klar for lansering… Mitt eige virtuelle univers.

FRÅ VINJE TIL VERDA

Eg tek med en bit av Vinje ut i verda. Smykka mine skal til Italia!

I desse dagar er eg så heldig å få representere Norsk smykkedesign i eit stort internasjonalt prosjekt med base i Milano, med deltakarar frå heile verda.

Utstillinga Artistar Jewels Exhibition finn stad på HOMI fair Milano.

Artistar Jewels er eit prosjekt som omfattar designarar frå heile verda. Målet er å setje ljos på det kunstnariske mangfaldet innan internasjonal smykkedesign. Som deltakar i Artistar Jewels får designarane merksemd på nett, gjennom utstillinga, og ved presentasjon i ei bok som skal publiserast internasjonalt.

Bli med å stem!

Dei lyser også ut ein designkonkurranse, der DU kan vera med å avgjera kven av alle desse smykkedesignarane som blir nummer ein.

Her er linkane for å stemme på mine smykke:

Fugl-armbånd (http://www.artistarjewels.com/product_info.php?products_id=515)

Nettverk-ring (http://www.artistarjewels.com/product_info.php?products_id=513)

Du kan fylgje meg på Instagram og Facebook gjennom heile opphaldet.

MIN HEIMSTAD

Staden eg kjem frå er eit lite, avsidesliggande stykke Noreg.

Det er ikkje meir enn nokre generasjonar sidan Vinje faktisk var eit blankt merke på kartet – mykje på grunn av sin ugjestmilde natur. Det var vår villmark, på eit vis.

Urnorske folkesjela

Bilde_Heimstad
Oldemor Åshild Gunvaljord heilt til venstre. Bildet er tatt ei gong på slutten av 1800 – talet.

På 1800-talet byrja turistar, folkeminnesamlarar og kunstnarar å strøyme til dette uoppdaga området. Her fann dei tradisjonar og levesett som virka arkaiske for utanforståande, og området fekk ei rolle som staden der den urnorske folkesjela manifesterte seg.

Viktig fødestad

Heilt fram til vår tid har Vinje i Telemark vore fødestad for tallause kunstnarar innan biletkunst, poesi, musikk og handverk. Det er i dette landskapet, og med denne historia som bakteppe, eg finn inspirasjon til arbeidet mitt.

Foto av Ingolf Endresen

Naturbilder
Fjellet Storenup, frå området Dyrskar. Fjellpasset som delar aust frå vest i Sør-Norge.

Naturbilder2

Om oss

Linn Sigrid Bratland kombinere gamle håndverksteknikker med en helt særegen bruk av emalje.

På verkstedet er det i dag to stykk som jobbar sammen med alt fra produksjonen til administrering. Det er Linn Sigrid Bratland som er grunnleggar, designer og sølvsmed med god hjelp fra Stian som er en dyktig håndverker full av praktiske løsninger.

Sammen utgjør de det som er Linn Sigrid Bratland sitt verksted i dag.

Følg oss på Instagram

 

Lsb Smykke AS
Org nr 924 528 028
© 2016 Linn Sigrid Bratland.
All Rights Reserved.
Nettbutikkleverandør: Shopping Norge
Handlekurv
Du har ikke bestilt noe ennå!
Fortsett å handle
0